Forthun1882

Forthun Turiststasjon

Opnar våren 2020

Arven frå fortida

Forthun Turiststasjon vart bygd i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene. Ole dreiv med hesteskyss over Sognefjellet frå Fortun til Røisheim i Bøverdalen og var samstundes ein av pionerane innan tindeføring i Hurrungane.  Han vart patentførar i 1887 og fekk livslangt medlemsskap i Den Norske Turistforening for innsatsen sin i fjellet.

Ole Øiene

Turiststasjonen har vore i familien Øiene gjennom fire generasjonar.  Me har vore så heldige å få kjøpe den  frå Erik Øiene, Ole Nilson Øiene sitt oldebarn og me har flytta attende til heimbygda vår no i vinter.  Ambisjonen vår er å føre drifta av denne unike plassen i Fortun vidare.  Her skal me bygge eit konsept som omfattar overnatting med god mat og drikke, flott natur og unike opplevingar knytt til turar i skog og fjell og til jakt og fiske.

Denne våren jobbar me med å pusse opp og sette mange saker og ting i stand, slik at plassen skal få attende den glansen den fortener.  Til hausten skal me kunne opne dørene att og me kallar konseptet vårt Forthun1882.

Ole Øiene sin Patenførarknapp frå 1887 fortener å kome ut att på fjelltur...

Ole Øiene sin Patenførarknapp frå 1887 har  vore med på mange flotte fjellturar og høgdemeter.

Logo Forthun1882

Mellom elv og fjell

Forthun Turiststasjon ligg rett ved Fortundalselva i den vesle bygda Fortun, ved foten av Jotunheimen.  Frå trappa her på Turiststasjonen er det eit unikt utgangspunkt for fiske, jakt og «tur ut - tur inn» til flotte opplevingar i området omkring.

Herfrå kan du gå til gamle stølar, høgdegardar og 1000-meter toppar som ligg rundt bygda.  Frå Turtagrø, 10 km opp langs Sognefjellsvegen, kan du bestige dei fleste av 2000-meter toppane i Hurrungane utan at du treng klatrekunnskapar.   Men rutene der er ikkje merka, stiane i skogen er ikkje merka der hjorten går og elva ikkje merka der fisken står.  Derfor skal me ha lokale guidar som sørger for at du kjem trygt opp og ned, som veit kor hjorten går og som veit kor laksen og fjellauren bit.  Dei er frå Fortun og dei har mykje lokalkunnskap og mange gode historiar å fortelje på turen.

Forthun1882 skal tuftast på arven og historia frå 1882 og det beste frå den vakre bygda Fortun. Her skal me tilby unike turar og opplevingar til folk som har lyst til å være med på noko spesielt saman med oss.

Det kjem meir om dette når me er komne litt lengre fram i arbeidet med konseptet vårt, enn så lenge kan du sjå på nokre videoar av korleis det ser ut i området her.

Aktivitetar

Guida turar i skog og fjell sommar og vinter

Randonné- / toppturar om våren

Jakt og fiske

Skreddarsydde opplegg for grupper og bedrifter

Og meir etterkvart...

Turar og ruter

Her kjem det kartoversikt som skal vise alle toppturene og alle stølsturane og høgdegardane i området.

+ Ruteoversikt med beskrivelsar og tidsanvisning

+ Video og bilder frå dei ulike turane og rutene